Buvollen

Buvollen er Valdreslaget si hytte. Som medlem i Valdreslaget kan du nytte hytta som ligg i hjartet av Lillomarka ved Kringletjernet, ca 400 m.o.h.

Hytta har 10 sengeplassar, (2 dobbeltkøyer og 4 enkle + 2 gjestesenger) ta med lakenpose! Buvollen er eit fint mål for ski – og bærturar.

Hytta har vore i Valdrelagets eige sidan 1948 år og har dei siste åra blitt pussa opp både ute og inne.

For å koma til hytta tek du toget eller køyrer til Snippen stasjon i Maridalen. Frå Snippen er det om lag 1 time å gå etter gul merking fram til hytta. Ellers går det ei mengd andre stiar inn dit, og oppkøyrde skiløyper om vinteren.