Om laget

Valdreslaget i Oslo er den viktigaste samlingsplassen for utflytta valdrisar, valdresvener og dansarar med interesse for valdresspringaren. Valdreslaget tilbyr folk i alle aldrar eit hyggeleg miljø i hovudstaden.

Vi held til i Bygdelagssamskipnaden (BLS) Nordahl Brunsgt.22, 0165 OSLO.

Laget har om lag 50 medlemar. Hovuddelen av aktivitetane er samla rundt folkemusikk- og dans, og vi har springarøving annankvar måndag i BLS – gården. Vi har òg ei hytte, Buvollen, i Lillomarka

Laget vart stifta i 1899.

Lagsbladet «Valdres heimen» kjem ut med ujamne mellomrom.

Valdreslaget på Facebook