Oslo Kulturnatt 2017

Den største eindagsfestivalen i Noreg – Valdreslaget er med!

Fredag 15. september er det over 300 ulike arrangement i Oslo, ein kjempe­moglegheit til å bli kjend med kulturlivet i Oslo, og det heilt gratis. Oslo kulturnatt koordinerast av Kulturetaten i Oslo kommune. Det blir konsertar, kino, teater, dans, guida turar, omvising i bygg som elles ikkje er opne for publikum, båtturar og mykje meir.  Dei fleste aktivitetane går fere seg i  sentrum av byen, og me i Valdreslaget og BLS håpar på at  mange vil stikke innom Nordahl Bruns gate 22 for å sjå korleis me har det. Lære oss å kjenne og kanskje koma att ved ei seinare anledning. Og i tillegg så skal me i laga ha det moro sjølve!

Det blir dans i tre salar heile kvelden, gratis inngang for alle!

Dette blir eit kjempehøve til å danse og å høyre god musikk!

Me vil at alle som kjem innom denne kvelden, anten du ferdast i Nordahl Brunsgate  til vanleg eller er totalt ukjend med folkemusikk og –dans, skal få oppleva folkeleg kultur.

Du kan lese meir på Facebook om arrangementet 

 

Alle salar
Nordahl Brunsgate 22